Å skulke sommarens songarstemne i Lom kom aldri på tale. På den minnerike songarfesten i helga, song ho seg fri frå smertene i foten. Foto: Vidar Heitkøtter
Song seg fri for smerter
– Eg måtte berre bli med til Lom. Songen, gleda, og det sosiale på eit songarstemne er mykje større enn smertene i ankelen, smiler Randi Lorentzen (56) frå Sør-Fron.
Vidar Heitkøtter
LOM: Sjølv med foten i gips, var ho med i det farerike songartoget laurdag. Då foten knakk på grasplenen heime, peika fotbladet ein veg, ankelen den andre. Men å droppe songarstemnet i Lom, kom aldri på tale.
– Syng for gleda
– Toppers! Ramma rundt eit songarstemne kunne ikkje vore betre enn i det praktfulle vêret vi fekk oppleva.
– Eg skulkar aldri eit songarstemne. Gleda av å synge saman betyr alt. Vi syng for å ha det moro, ikkje for bedømming. Så lenge eg har songstemme, vil eg vera med i koret.
– Din favoritt?
– Det er «Surender All», svarer Randi Lorentzen kjapt. Etter operasjonen på sjukehuset, fekk ho ein ekstra sommarferie på ti veker.
Men ho ville så mykje heller vore i vanleg arbeid, og lykkeleg over å få vera med til Lom, song ho seg fri frå alle smerter.
Varige minne
At ho og dei 350 andre songarane sit at med så mange og gode opplevingar frå dei tre dagane i nasjonalparklandsbyen, er nettopp det dirigent Kristbjørn Rossehaug i arrangørkoret Lomsklangen hadde som største ynskje.
– Eit songarstemne skal gje alle den store gleda av å møtast og synge saman, seier Rossehaug som ei tid dirigerte songlag både i Lom og Skjåk.
Lomsklangen er eit «prosjektkor» som vart starta til 850-årsjubileet til stavkyrkja i 2008.
** Vil ellers nevne her at Hilde Bjørnstad og
Liv Jorunn Korstad fekk 25 års diplom,
Liv Toril Granslåen fekk 40 års fortjenestemedalje med diplom og Bjørg Haave
fekk 50 års fortjenestemedalje med diplom fra Norges korforbund.
Fra NKG fikk Reidun Danielsen og Hans Wassrud blomster
(fordi de er
æresmedlemmer i NKG),
en flott gest som er ny av året.