Sangskatter

Hundorp ca 1960

Sør-Fron-sangen 1

Sør-Fron sangen
Tone; Rett som ørnen stiger Tekst; Pål Kluften

Høyr, ein sang i liom varslar atter vår !
Sus frå gamle tiom gjennom bygda vår,
sus med framtidsvon for det fagre Fron
varm og heimleg klang toner vidt om vang.

Nårkamp grå og nuvè vil seg syne snøgt,
Skuteiln bratt å ruvè peikar ennå høgt !
Breislå svær i aust vaktar vår og haust,
trygger vokst og gron her i gamle Fron!

Der står Baukholshaugen grøn av grån og lyng.
Nedi botnen Laugen same sangen syng,
og i kraft og stas Haltbrufoss er bas
i eit ævekor; Sangen utan ord.

Bygda fint seg breier dyrka opp med dug !
Her det alle leier synes arbeidshug!
Gamle kyrkja stor vigsla far og mor,
freder minnet av dei som ligg i grav.

Ungdom lat ditt øyre opp for livets sang !
Ungdom lat oss høyre du har same klang.
Stig mot gullan sky, tone rein på ny,
stig med framtidsvon for det fagre Fron !

Sør-Fron sangen 2

Sør-Fron sangen

Sjå her er bygda så ljos og blid,
med fjell og vatten og vidde vid.
Sjå himlen speglar seg li og grend,
i grøne Laugen som dølstill renn.

Med ærleg vilje i arbeid trutt,
i tru på framtida er ho rudt.
Så her fekk vekse i von og tru
til nye ættledd som her skal bu.

Så takk da Gud som oss bygda gav,
og sign du alle som ligg i grav.
I tru og kjærleik så er det von,
det godt seg lager for folk på Fron.

 Dette er de 3 vers som er vanlig å bruke av koret

Har funnet flere vers til denne sangen
og gjengir den her i sinhelhet:

SØR-FRON sangen

Sjå her er bygda så ljos og blid. Sjå fjell med vatn og vidde vid.
Sjå himlen speglar seg, li og grend, i grøne Laugen som dølstill renn.

Her suser sogn frå gamal tid Og vekkjer enno til hugheil strid
For rett og fridom i trygge kår. Slik lyt vi verne om arven vår.

Med ærleg vilje i arbeid trutt i tru på framtida er ho rudt,
Sjå her fekk vekse i von og tru til nye ættled som her skal bu

Det syng i hugen ein fane rein Og gullglans legg over jord og stein,
Og store røyser dei har ein sang Om arbeidsadel i stria lang.

Men ryggen krøktes i dagleg strev med stein og teger, med spa og grev,
men lell mot himlen dei bygde bru og reiste kyrkja i kristen tru.

I harde tider for mang ein gut og mang ei gjente frå bygda ut,
men om dei siger i arbeid vann låg bygda drog med sterke bann.

Så takk da Gud som oss bygda gav og sign du alle som ligg i grav
i tru og kjærleik så er det von Det godt seg lagar for folk på Fron.

Lat kyrketårnet mot himmel klår Eit symbol vera for tanken vår.
Lat mann og kvinne bli sanningstolk For bygda vår og for land og folk.

Tekst; Olaf Storløkken. Tone: Kr. Madssveen.

Dale-Gudbrand

Visa om Dale-Gudbrand
Finnes på cd i arkivet til koret

1. verset er gammelt, men de tre neste er dikta av unger i barneskolen
i forbindelse med et "spel" på Dale-Gudbrands gard


Dale-Gudbrand han hadde ein gud utav tre.
Olav, idag lyt du tiggja om fred.
Sola spratt opp, Olav han kvad, guden fekk slag.
Kolbein honom lånte eit nakkedrag.

Kolbein han bar både klubbe og sverd.
Våpen som var ein så stor krigar verd.
Sola spratt opp, Olav han kvad, guden fekk slag.
Kolbein honom lånte eit nakkedrag.

Bøndene flykta, men kom ikkje langt.
Skipa var fulle av vatn til rand.
Sola spratt opp, Olav han kvad, guden fekk slag.
Kolbein honom lånte eit nakkedrag.

Gudbrand han tok imot kristendomen.
Bygde ei kyrkje, fekk Olav som ven.
Sola spratt opp, Olav han kvad, guden fekk slag.
Kolbein honom lånte eit nakkedrag.

Dølavise

Dølavise 

 (Flaumen går)

Av Ivar Mortensson-Egnund 1906

FLAUMEN GÅR I NOREG ER VÅR  

Flaumen går I Noreg er vår, Bjørka sprett i dalom.

Dølakar Traust og hard  Rydjer ferdregard.

Sjå kor det losnar i alle liom,  Skreda fer etter bergesidom.

Flaumen går,  I Noreg er vår,  Og dølan' er det som rår.

 2

Frå fjellet rinn  Ein bekk så linn  Mellom stuv og steinar.

Av bekker små  Det vert ei å,  Fagrast du skal sjå.

Høyr kor det i vatnet susar,  Høyr kor det i fossen brusar!

Flaumen går,  I Noreg er vår,  Og dølan' er det som rår.

 3

Lita å  Kan du forstå  Kor ho fekk slikt mæle?

Bekk som rann  Er vaksen mann.  Stans han, om du kan.

Ingen mann kan straumen vende.  Tømmer og hus det set han på ende.

Flaumen går,  I Noreg er vår,  Og dølan' er det som rår.

 4

Bykar stram  På gata går fram,  Trur han skal oss lære.

Men ikkje eg  Fær støkk av deg,  Sjølv eg rår min veg.

Bøndan' er ikkje lenger mjuke, Husbondsretten, han vil me bruke.

Retten er vår,  Skulda er dår  Å lyde Noregs kår.

 5

Om seint me kjem,  Så er det med klem.  Me vil garden rydja.

Bondemål,  Kvast som stål,  Gjev ikkje lenger tol.

Norsk mål vil me i Noreg hava,  Ikkje lenger med dansken kava.

Bondemål,  Kvast som stål,  Gjev ikkje lenger tol.  

 6

Blankt som gull  Og mjukt som ull  Er det norske målet.

Som sol på fjell,  Som blome-tjeld,

Som fuglesong om kveld.  Tusen års rot det hev i landet,

Tusen år til så skal det stande.

Flaumen går,  I Noreg er vår,  Og dølan' er det som rår.

 7

Sumar-sol  Skin på jord,  Så jonsok-blomen laver!

Læt frå koll  Lur over voll,  Og dølan' slær på skjold.

Av skal ho hivast lurve-hetta!  Gullhjelm lyser i morgon-gletta.

Læt frå koll  Lur over voll,  Og dølan' slær på skjold.

 8

Harald verk  Fjellbonde sterk  Gjer no andre gongen.

Gamalt grjot  Av kjemperot  Endå hev manndom og mot.

Kome alle, ver med på ferda,  Så skal det spørjast i vide verda,

At Noregs mann  Gjekk på og vann  Atter sitt eige lan

Sjå Laugen strøymer

DØLAMARSJ

Tekst: Pål Kluften. Tone: Gammel brudemarsj fra Fron.

1.

Sjå Laugen strømmer stor og brei frå jotunfjellom!

Kraft han fær frå breom og frå klåre kjellom,

roleg han fer fram, men sterk han er i hellom;

dalen ligg i fred og smil og spegler seg så blid.

Og døl'n er i dalom og dølann rår i gardom,

i husom og heimom. Med dug i gjerd og talom

skaper han dag over folket og landet.

Og hjerta i vårt Norig er Gullbrands gamle dal.

3.

Men kjem her strid: høyr atterljom frå Guri-luren!

Gullbrand bringebrei seg syner fremst på muren!

Dølen kjem tung når han berre kjem i duren.

Her skal spørjast vidt og breidt på ny det gamle ord:

At dølann frå dalom som eig og rår i gardom,

i husom og heimom, har dug i gjerd og talom!

Dag skal døm skape for folket og landet!

Og hjerta i vårt Noreg er Gullbrands gamle dal!

2.

Høyr bjølleklonk og budeihull på setevanen!

Kring i bygdom toner gamle dølasangen

frisk att og ny att, for ungdommen har klangen

ervt i gull frå mor og far. I ære skal han stå!

For døl'n er i dalom og dølann rår i gardom,

i husom og heimom. Med dug i gjerd og talom

skaper han dag over folket og landet.

Og hjerta i vårt Norig er Gullbrands gamle dal!

Gunnar Jenshus

Gunnar Jenshus sang/dikt: 

Aldri ser du fagrar´ stelle
enn frå høge Sør-Fronsfjellet,
allvisst da ein sommarkveld
for da logar Allheims eld
lågt i vest og bygda gyller,
fagre syn fram for deg tryller.

Skurdalsgrenda mot deg lyser,
Ryssland, Skuteillshjarta hyser,
Kyrkjebygda lenger sør
knapt mot Liom glåme tør,
for der svartnar mellom gardom
borti op frå høgfjellsskardom.

Som eit sølvband lyser Laugen,
krøkjer seg om Ulbergshaugen,
nører ungdoms draum og trå.
Laugen dreg dei til og frå -
gardar, grender, skog og lier
smiler blidt frå båe sider.

Ein dag gøymd i fortids skodde
våre ættefedrar nådde
denne vakre grend og dal,
såg seg om og tok sitt val:
fjell og skog med vilt og vyrke
dertil grorsam jord å dyrke.

Her har ætter stridd og streva,
greidd å vekse, greidd å leva,
bygd seg tradisjon og norm,
skapt si eiga kulturform,
odla fram i gode grender
meisla ut med ord og hender.

Levekåra var ´kje like,
her var fattige og rike
ulik byrd gav ulik bør,
det var strid imellom brør.
No er slike skilje sletta
skilde greiner samanfletta.

Det gjev von for nye tider,
rett og skil til alle tider,
felles lagnad, felles dag,
felles ansvar, felles sak.
Samarbeid til felles lykke
i vår ætt eit arvestykke.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.09 | 14:13

Hei på dere,

Vi sender dere denne informasjonen da den kanskje er relevant for dere.
Den kritikerroste spillefilmen basert på Andrea Bocellis selvbiografi «Musikkens Stillhet» har premiere i siste halvdel av september.
Ordinær premiere er fredag 28. sept

...
02.09 | 13:47

Hei. Eg er svigerdattera til Hildur Olafsen, og prøva å skrive ned livet hennar. Ho rører så mykje nå, at eg har valgt å spørja døkk.
Var Hildur med i koret?

...
18.04 | 21:40

Takk for opplysningene Brit Lien :)

...
18.04 | 17:29

Hei
det var et lokalt kor på Harpefoss som het Fossegrimen ja.
Her var Olav? Snortheim leder i mange år.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE